Hver dag publiserer våre videojournalister de morsomste og mest spektakulære videoklippene fra nettet.

Magnus Fossen
Vaktsjef nå

Magnus Fossen

Tips oss!

Endeleg! No skjønnar også me som er «dumme»

Den «umoglege» matteoppgåva for 14-åringar har herja nettet. Men sjølv med løysinga framfor oss skjønte me ingenting.

På Internett skal det ikkje så mykje til før diskusjonen blir enorm. Det er ikkje lenge sidan me klarde å bli vener igjen etter å ha krangla om kva farge denne kjolen hadde, og det blir lagt mykje krefter, kunnskap og sinne i å svara på spørsmålet om denne katten går opp eller ned trappa.

Er du klar for ein ny diskusjon? Denne gongen er det litt vanskelegare – matematikkpensum for ungdomsskulen i Singapore.

Les også: Dette er kjolen som delte Internett

Biletet du ser over er tatt av Kenneth Kong, ein programleiar i Singapore, og er ute på Facebook-sida hans. Han utfordrar andre til å finna svaret på oppgåva, for det greier han ikkje sjølv. Greier du?

Singapore er eit av landa som nesten alltid ligg øvst på kåringane over kva elevar som er best i matte – så du skal ikkje forventa at det er enkelt!

Dette er oppgåva, kort oppsummert. Albert og Bernard lurer på når Cheryl har bursdag, men Cheryl – den spøkefuglen – vil ikkje fortelja dei det. Ho fortel Albert kva månad ho har bursdag, medan Bernard får vita dagen. Så gir ho 10 alternative datoar til dei to.

Albert får altså alternativa mai, juni, juli og august, medan Bernard får 14, 15, 16, 17, 18 og 19.

Dialogen mellom dei to går slik, etter ei røff omsetjing:

Albert: – Eg veit ikkje når Cheryl har bursdag, men eg veit at Bernard ikkje veit det heller.

Bernard: – Først visste eg ikkje når Cheryl hadde bursdag, men no veit eg det.

Albert: – Då veit eg og når Cheryl har bursdag.

Så – når har Cheryl eigentleg bursdag?

Test deg sjølv: Forstår du deg på økonomi?

Om du ikkje finn det ut – her er løysinga

I kommentarfeltet under biletet Kenneth Kong posta har det komme fleire forslag.

Her er fasiten – løysinga blir presentert av Facebook-gruppa Study Room

Sidan Albert veit månaden og er sikker på at ikkje Bernard veit svaret, må det vera i juli eller august – fordi tala 18 og 19 finst berre i mai og juni, og desse blir ekskludert når Albert er sikker på at Bernard veit månaden.

Når Bernard seier at han veit kva løysinga er, veit me at det ikkje er 14. juli eller 14. august, då det like talet blir utelukka av Bernard – som veit kva som er riktig tal.

Sidan me då står igjen med 16. juli, 15. august og 17. august, ekskluderer Albert august-datoane ved å sei at han er sikker.

Derfor er svaret 16. juli. Skjønte du svaret no?

 

Ikkje? Sjå på videoen med oppgåva forklart i ein animasjon.

Få SeDenne rett i innboksen. Abonner på nyhetsbrevet vårt.

* Dette er ikke en gyldig e-postadresse

Du vil motta en ukentilg e-post fra oss. E-postadressen din vil aidri bli delt med en tredjepart.

Har du fått med deg denne?